Vater, mein Vater

Der Erlkönig i ny tolking.

Blant dei tyske Lieder vil eg tru at Der Erlkönig med tekst av Goethe og tonestetjing av Schubert er blant dei mest kjende.  Teksten er dramatisk og akkompagnementet understrekar dette med ein suggererande verknad. 

Les diktet på tysk eller norsk

Diktet vart skrive i 1782 medan Schuberts tonesetejing kom til i siste versjon i 1821. Diktet handlar om ein far som rid gjennom natta med son sin på armen sin.  Sonen er sjuk med feberfantasiar og faren rid så snøgt han kan for å koma heim i tide.  Alvekongen (Erlkönig) driv på og lokkar guten over til sitt rike.  Kvar gong ropar sonen med redsle på faren (mein Vater, mein Vater!) og faren freistar å roa guten med at syna hans berre er innbilling.  Segn vil ha det til at berre dei som er nær døden kan sjå alvekongen, og rett nok, før far og son kjem heim, er guten død.

Det første som slår meg er at dette er ei skildring av farskjærleik.  Faren skjønar kva som står på spel og rid så snøgt han kan heim til tryggleik, varme og frelse samstundes som han freistar å verna barnet og roa det.  Ein slåande kontrast til den stereotype farsfiguren som det feministiske paradigmet har dytta på oss om at fedre før den feministiske revolusjonen  berre var opptekne av arbeid og i heimen kopla av med å denga mor og born.  Kjærleik til barn kan ikkje berre målast i bleieskift og uttak av fedrekvote.
Dinest tenkjer eg at den sorga over å mista barnet sitt i sjukdom opplever ein heldigvis ikkje så ofte lenger i antibiotikaens tidsalder.  Men så slår det meg at det er nettopp det mange  fedre i dag  opplever etter samlivsbrot.  Med marginalisering, boikott av samvær og falske skuldingar opplever faktisk tusenvis av fedre kvart år å mista borna sine.  ”Sorg utan blomar” er eit uttrykk som er brukt.

Der Erlkonig, bildet av Albert Sterner (1863–1946)

I ei slik setting vil to av figurane i diktet, faren og barnet, gje seg sjølv.  Men kven symboliserer alvekongen?  Med konge assosierer ein makt og maskulinitet samstundes som alvane er blant dei meir feminine blant dei underjordiske.  Det som det lokkast med er leik, dans og song med feminine innslag som ”mor” og ”kongens døtre”.  Det er vel dette som i juridisk terminologi kallast ”barnets beste”.  Alvekongen er altså ein allianse mellom mor og staten som med sine føringar marginaliserer far ved å fjerna den maktbalansen er mellom far og mor før samlivsbrotet.  Mødre som boikottar samvær, flyttar me borna og kjem med falske incest- og valdskuldingar er i realiteten beskytta av staten med fråver av reaksjonar.  Skulle far derimot vera seint ute med bidrag eller gløyma å levera ungane, er apparatet på plass.  Sjølv om staten har sine feminine innslag, er han ikkje redd for å visa musklar dersom autoriteten vert utfordra: ” Und bist du nicht willig, so brauch ich Gewalt.”  Det ein sit att med er ein unge som skrik ”Mein Vater, mein Vater”, men staten og mor vert for sterk.

I diktet ser ein også at far freistar å forklara vekk eksistensen til alvekongen.  Det er tåkedottar eller så er det lauvet som raslar i vinden.  Det som undrar meg er at så mange av fedrane som har blitt marginalisert i høve sine eigne born, ikkje kan sjå samanhengen mellom føringar frå staten og den situasjonen dei opplever.  Dei trur at dei berre har vor uheldige eller dei byrjar å absorbera gifta frå den feministiske tåka: eg var ikkje merksam nok mot eksen, eg skifta ikkje nok bleier eller kva det no kan vera.  At dei er svikne av staten som ein del av ein villa agenda, klarar dei ikkje å sjå.

Tek ein tolkinga eit steg vidare, kan ein heller seia at ropet på ”Vater” er eit rop på far og maskuline verdiar i eit samfunn der far er fråverande og maskuline verdiar er mangelvare.  I denne tolkingsmodellen er alvekongen framleis staten gjennomsyra av det feministiske paradigmet.  Ungane som veks opp vert indoktrinert med eit demonisert mannsbilete (menn har undertrykt kvinner i tusenar av år og så bortetter).  Kva har så femistaten å gje til den oppveksande generasjonen?  Jo det er ”schöne Spiele”.  Sjølvsagt høyrer leiken med i oppveksten til barnet, men føremålet er jo at barnet ein gong skal verta ein mogen vaksen.  Unge (og eldre) gutar tek tilflukt til dataspel og sport der ein kan dyrka maskuline verdiar på arenaer som ikkje gjeld.   De Tocqueville sine ord ringer meg i øyra: ”Over alle disse hever det seg en veldig formynder som påtar seg alene å sørge for deres velferd og våke over deres liv. Den har uinnskrenket makt, den griper inn på alle områder, den er velordnet, forutseende og mild. Den ville ha lignet på foreldremyndigheten, dersom dens formål hadde vært å gjøre menneskene rede til den voksnes liv, men den søker, tvert om, å holde dem fast i barndommen for alltid. Den liker at borgerne trives, forutsatt at de ikke tenker på annet enn sin trivsel. Den arbeider gjerne for deres lykke, men vil være alene om det og den eneste som bestemmer hva som tjener deres beste. Den sørger for deres sikkerhet, forutser og dekker deres behov, skaffer dem adspredelse, tar seg av deres viktigste saker, leder dem i deres arbeid, ordner opp i og fordeler deres arv; hvorfor kan den ikke ta fra dem strevet med å tenke og møyen med å leve?”

Igjen ropar barnet: ”Mein Vater…hørest du nicht?  Og dagens demaskuliniserte menn velger å lukka øyrene og bortforklara symptoma for å sleppa å ta opp kampen.  Velferdsstaten har sine metodar og orda er klare: “Ich liebe dich…und bist du nicht willig, so brauch ich Gewalt.”  Eller som eit statsberande parti hadde som hovudparole i valkampen nokre år attende: ”Alle skal med!”

Én kommentar til «Vater, mein Vater»

  1. Meget stimulerende analyse. Dette ga grunnlag for en ny nærlesning av et dikt jeg hørte og festet meg ved allerede i barndommen. Tolkningen til Ian Bostridge var gripende, bent frem gåsehudinduserende.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *