Fascisme og mannskrise

Av Kåre Lunden, professor emeritus i historie ved Universitetet i 0slo

Det er lite som krevst av oss menn i våre dagar. Vi må kunne «flekse muskler» og «framstå som barske». Og så må vi vere «i stand til å snakke om relasjoner og følelser». Men dersom vi då også «tar ansvar uten å stille spørsmål», så er vi alt langt på veg. Slik skriv Anne Viken, Elin Ørjasæter og Marte Michelet (Klassekampen 11. desember og Dagbladet same dato). Vi må berre merkje oss særskilt at «evnen til ikke å problematisere setter jeg stor pris på» -hos menn (Ørjasæter).

Dei same seier at det må vere slutt på å tale om mannskrise. «Bare dumme tradisjonelle menn er i krise» (Ørjasæter). «Den evinnelige debatten om Mannen i krise har svært lite for seg» (Michelet). mange «syns at mannen i krise-diskusjoner er teite» (Ørjasæter).

No kan det likevel vere at ikkje alt verkar heilt bra. Men grunnen er berre at det finst «flere veldig smarte og veldig dumme menn, mens kvinners IQ er mer jevnt fordelt». Denne biologisk gjevne tilstanden fører nok til at mange menn «er blitt uinteressante som produksjonsfaktor». Dessutan er det også slik at moderne leiarar for kunnskapsarbeidarar bør vere androgyne (mannleg-kvinnelege). Slike menn finst det få av, sidan det naturlege utvalet frå eldre steinalder til nær fortid har favorisert musklar, testosteron og aggressivitet. Menn høver då ikkje så bra som leiarar no lenger.

Men dei tre damene ser inga mannskrise i dette. Michelet konstaterer at summen av «lønn, eiendom og innflytelse» framleis er større hos menn enn hos kvinner. Ergo finst det også gjennomsnittleg meir av slikt per mann enn per kvinne. Implikasjonen er at vi treng ikkje bry oss med fordelinga. Konkretisert er det ikkje så f’arleg Om nokre menn tener 20 millionar per år og lever i serieekteskap med dei mest attraktive unge damene, medan 23 prosent av mannlege førtiåringar alt no er barnlause, fordi dei er «uinteressante som produksjonsfaktor».

Kva er fascisme? Om dette vert det ført ein diskusjon, parallelt med mannskriseordskiftet, utan kopling. (Fascismen vert diskutert i samband med arbei­darsynet til Frp og NS, og med Olav Duuns forfattarskap.) Ein god definisjon på fascisme skulle eg tru er gradert menneske verd. Særleg ei gradering som er basert på biologi, «rase», hudfarge eller kjønn. Motsetnaden er det humanistiske, like menneskeverdet. Humanismen går ikkje ut på at alle menneske er av same kjønn eller har same intelligens, men at der er ein human kjerne som er ubunden av dette, som legitimerer likskap i verdi og grunnleggjande krav. Ein typisk fascistisk konklusjon ville vere at det er ikkje noko å bry seg med at 30 prosent av alle menn fell utanfor produksjons- og familieliv, når det berre kjem av at desse 30 prosentane er mindre intelligente og ikkje av naturen er særleg androgyne.

Antiintellektualitet er også eit typisk, om enn mindre grunnleggjande, fascistkjenne­teikn. Her må ein leggje merke til at Ørjasæter (noko inkonsekvent) stiller opp som eit særkrav at den verkelege mannen har «evnen til ikke å problematisere».

Eit tredje typisk fascistkjenneteikn er å behandle dei biologisk mindreverdige som objekt, handelsvare. Og sure enough: Anne Viken har fått med seg også dette: «Vi shopper menn» (også det 11.12.). Her er «valg på øverste hylle», for dei attraktive!

Den tradisjonelt sosialistiske synsmåten er den strukturorienterte, den som «translate personal troubles into social issues» (Wright Mills). Ein slik synsmåte ville mellom anna innebere fylgjande: Endå om medfødd lågare intelligens i første omgang berre var eit problem for til dømes 30 prosent av mennene, så ville det snart nok også bli eit problem for resten av mennene, liksom for kvinnene. Eller skulle problemet løysast ved å halde 30 prosent av mennene permanent bak lås og slå, dit dei er på veg i USA? Og skal rikmannsvillaene på Bygdøy og i Holmenkollåsen heretter vere sikra med piggtråd og schæferbikkjer, på same måten som i Fiesole sist eg var der?

Ein start på løysing av problema, som eksisterer, ville vere at også kvinnelege debattantar på venstresida skolerer seg i skilnaden mellom fascisme på ei side, humanisme og strukturell tenkjemåte på den andre sida. Evna til å problematisere og reflektere bør såleis neppe reknast for ei udygd, hos noko kjønn.

Publisert 5/1-08, også i Dag og Tid 21/12-07, gjengitt etter forfatterens tillatelse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.