Exit Karita

Når det gjeld den nylege utskiftinga innan regjeringa, har eg store problem med å finna nokon plausibel grunn til Karita Bekkemellem sin avgang. Same om ein er samd eller usamd med Karita politisk, vil dei fleste einast om at ho er ein dyktig politikar. Etter å ha resonnert litt rundt denne utskiftinga, får eg assosiasjonar til det som skjedde for vel ti år sidan då barne- og familieminister Grete Berget gjekk av og vart erstatta av Sylvia Brustad.

Barnelova var til revidering, og dåverande minister Grete Berget var tilhengar av felles (delt) omsorg som hovudprinsipp etter samlivsbrot. Sterke grupper innan det politiske miljøet arbeidde sterkt mot dette, samstundes som Bergets støttespelarar var heller lunkne med å tona flagg. Vi som venta på ei likestilt barnelov tykte det gjekk svært seint med å ferdigstilla revideringsforslaget til handsaming i Stortinget.

Då Sylvia Brustad overtok som minister, skjedde ting i raskt tempo. På kort til vart revidert lov førelagt Stortinget. Borte var felles omsorg som hovudprinsipp. Ja lova gjekk så langt at domaren ikkje lenger kunne idøma felles omsorg, sjølv om han meinte det var til barnet sitt beste.

Vi veit at barnelova er til revidering att. Nytt barnelovutval er sett og Karita Bekkemellem gav uttrykk for at ho ynskja felles omsorg som hovudprinsipp. Har dette vekkja til live dei gamle skrømta frå 90-talet? Kan Karita Bekkemellems problem vera at ho tek likestilling på alvor også på områder der menn kjem dårleg ut.

Kva Manuela Ramin-Osmundsen står for, vil tida vise. Men det bør vera eit problem for ein likestillingsminister å også ha eit fagområde innan sitt departement der kjønnsfordelinga er 90:10, slik som det er ved barnefordeling etter samlivsbrot.

Tidligere kommentar til Bekkemellem som statsråd

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *