Eg vil påstå at det i samfunnet eksisterer ein myte som går på at kvinner er altruistiske og menn er egoistiske. Men kva er ueigennytte eller altruisme? Og korleis kan ein i så fall måla denne?
Problemet med altruisme er at ei handling som kan karakteriserast som altruistisk kan visa seg å vera ein del av ein større transaksjon som totalt sett er eigennyttig eller egoistisk. Gjev ein til dømes nokon ein bukett blomar, kan det i fyrste omgang sjå ut som eit ynskje om å gleda einkvan. Men i neste omgang kan ein nytta dette til å oppnå ein eller annan fordel og då kan det syna seg at det som ser ut som altruisme i røynda er egoisme.
R. M. Dawes omtalar i boka si ”House of Cards” s. 279-281 ei undersøkjing der ein freista å måla altruisme blant folk. Studien var lagt opp slik at ein plukka ut 7 personar ukjende for kvarandre og som trengte pengar. Desse fekk tilbod om 6 dollar for å delta. Dei vert så fortalde at dei vil få utlevert eit ark der dei må kryssa av eit av to val. Dersom dei kryssar av ”keep”, får dei sine 6 dollar. Dersom dei derimot kryssar av ”give”, vert beløpet dobla til 12 dollar og fordelt på dei 6 andre deltakarane med 2 dollar kvar medan gjevaren får ingenting. Avkryssinga er ukjend for alle andre enn leiaren av studien. Også utbetaling av pengane vert gjort anonymt i høve dei andre deltakarane, slik at ein freistar å luka ut altruisme på grunnlag av å ta seg godt ut for dei andre.
Ein ser her at gruppa totalt sett vil tena på at alle kryssar av ”give”. Kvar vil då få 12 dollar. Individuelt sett gjer ein det best om dei andre kryssar ”give”, medan ein sjølv kryssar ”keep”. Då vil ein sitja att med 18 dollar. Alle kryssar av ubunde av dei andre slik at den einskilde vil alltid få 6 dollar meir i lommen om han kryssar ”keep” i staden for ”give”.
Dette oppsettet vart repetert mange gonger med nye personar kvar gong. Resultatet var at 30 % kryssa for «give» medan 70 % kryssa for «keep». Då ein modifiserte forsøket slik at dei 7 personane fekk snakka om problemstillinga i førekant men elles let avstemminga vere anonym som før, endra resultatet seg slik at 80 % kryssa av for «give» medan 20 % for «keep». Etter å med nye forsøk å ha utelukka ulike grunnar til denne endringa, sit ein att med utvikling av gruppetilhøyring ved at ein nyttar litt tid i førekant av avkryssinga til å snakka saman. Gruppetilhøyring er altså ei sterk drivkraft til altruisme.
Denne studien er interessant på mange måtar, ikkje minst i samfunnsøkonomisk teori der den altruistiske komponenten ofte er sett til null. Men det som er interessant i vår samanheng er at ein fann inga skilnad på kjønn og altruisme/egoisme. Eg vil altså påstå at det i samfunnet eksisterer ein myte som går på at kvinner er altruistiske og menn er egoistiske. Denne undersøkjinga støttar ikkje opp under denne myten.