I 2007 fekk Noreg dom mot seg av menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) . Det gjaldt ei samværssak der Gulating lagmannsrett og Høgsterett hadde frådømt far all rett til samvær med sine to gutar. Mor hadde i forkant av saka sabotert samværet så godt ho kunne og skulda far for overgrep mot borna mm. Anke til Høgsterett var nekta fremma. Strasbourg-domstolen tok ikkje stilling til samværsspørsmålet, men fann at lagmannsretten hadde krenka artikkel 8 om rett til privatliv når den tykkjest leggje vekt på mor si skulding om overgrep frå far mot barnet, trass i at det ikkje var noko bevis for slikt.
I fyrste rettsinstans i Bergen tingrett hadde far derimot fått samvær torsdag til sundag annankvar helg. Domar i Bergen tingrett var Tor Holger Bertelsen. Dersom EMD skal reknast som fasit, må ein seie at han ikkje gjorde feil, men det gjorde derimot både lagmannsrett og Høgsterett.
Det er difor med undring ein registrerer at det for tida verserer ei avskilssak mot nemnde domar. Fortsett å lese Ut med domaren – inn med ei heilag ku