Av Trudi Henrydotter Eikrem, stipendiat ved avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.
I debatten om likestilling og kjønn er kvinneperspektivet overrepresentert, og tematikken som oftast knytt til dei juridiske og formelle sidene ved likestilling, som vilkåre for kvinner i leiarstillingar eller i høgre utdanning. Dette er på mange vis hensiktsmessig og nødvendig, men eg saknar likevel ein diskusjon rundt bruken av omgrepet «likestilling». Dersom vi meiner alvor med likestillinga og dei demokratiske og etiske prinsippa som ligg i botnen, må vi vere vakne for dei utilsikta konsekvensane ein ukritisk bruk av omgrepet kan gi. Det er på tide å trekkje klare og tydelege skiljer mellom den norske offentlege likestillingspolitikken og korleis vi forvalter kjønnsrollene i våre private relasjonar.
Kvifor meir rosa og lyseblått enn nokon gong før?
Norske menn er kua og ufrie som fylgje av den breie forankringa likestillingsomgrepet har fått i norsk kultur. Ufrie og kua menn gjer det vanskeleg for begge kjønn å utvikle ein trygg kjønnsidentitet og gjer unge nordmenn til lette bytte for marknadskrefter som meir enn gjerne fyller det vakuum som oppstår når dei gamle kjønnsskillemarkørane er nedbygde. Fortsett å lese Norske menn er kua og ufrie