Fullverdig inntekt?

Sosiolog Åsne Hagen skriver den 12/7 i Klassekampen et svar på Arild Brocks artikkel i samme avis om Kjønnsubalansen i Norge. Vi gjengir her innlegget med forfatterens velvillige tillatelse. Hagen mener bl a at Brock avfeier inntektsforskjellen mellom menn og kvinner med en påstand, og at han hopper bukk over de strukturelle føringene som bidrar til at kvinner har mindre lønnet arbeid enn menn.

Arild Brock hevder i Klassekampen 29. juni at “i det store kjønnsregnskapet kan det ikke være tvil om at kvinner i dag står likt med menn, eller er bedre stilt enn dem, når det gjelder fullverdig inntekt, mens ingen mann med barn kan vite om han har fullverdig foreldreskap neste år”. Mitt spørsmål til Brock er kva han legg i omgrepet “fullverdig inntekt”, særskilt når han òg avfeiar inntektsskilnaden mellom menn og kvinner med påstanden om at kvinner vel å jobbe redusert tid fordi dei har så god råd. Visst kan ei kvinne med låg inntekt få høgare samla hushaldsinntekt ved å slå seg saman med ein mann som tener meir enn henne – men kva posisjon vil ho då få i forholdet og i arbeidslivet? Om dette er den “fullverdige inntekta” Brock sikta til, er omgrepet såleis eit dårleg mål på kjønnslikestilling – for ikkje å seie kvinnefrigjering.

Brock gir inntrykk av at ansvaret for barn utelukkande er eit privilegium kvinner held fast på. Han ser bort frå at ei kjønnsdelt samfunnsordning der kvinner går heime med ulønna omsorgsarbeid er føresetnaden for mannlege privilegium i arbeidslivet og politikken. I familiar med god råd blir tid med barn i dag gjerne sett ut til ein au pair. Det er ikkje lengre sjølvsagt at kvinna i eit par skal vere heime med barna, men som gruppe har menn framleis så sterk tilknyting til lønnsarbeidet at dei ikkje gjer markant større innsats på heimebane.

Det er underleg å sjå ein sosiolog skrive om “De små dragkamper i de tusen hjem” som om desse forhandlingane gjekk føre seg i eit vakuum, og som om det Brock kallar “Den relativt private situasjonen i hjemmet” ikkje er ein del av samfunnet. Brock synest i det heile å hoppe bukk over dei strukturelle føringane som bidreg til at kvinner har mindre lønna arbeid enn menn. Han koplar ikkje det at kvinner jobbar meir deltid med at kvinner framleis bruker mest tid på ulønna arbeid med barn og heim, noko som er høgst relevant for poenget hans om kven som får omsorgsrett for barn etter samlivsbrot. Korleis skal
menn stå sterkare i barnefordelingssaker dersom det hovudsakeleg er kvinner som jobbar mindre for å oppdra barna?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.