Dele på ekteskapet?

Av Johnny Roy Knudsen

Det var ikkje anna å venta enn at Arild Brock fekk motbør når han skriv om frekke kjønnsaktivistar og pirkar borti dei homofile og lesbiske sitt syn på ekteskapet. Ein liten provokasjon må det då vera at me er to som deler same syn for eg var heilt samd i alt som Arild Brock skreiv.

1) Kven andre enn homofile og lesbiske kan stikke eit flagg i veska på ein nyutnemd statsråd slik at ho står på slottsplassen med homoflagget i veska?  Det som undrar meg er at statsråden lar det bli og at ingen greip inn og fekk det fjerna. Ho er då ikkje statsråd for ein særdeles liten minoritet .

2) Ekteskapet er ein institusjon som har eksistert så langt attende me kan sjå mellom to av ulikt kjønn. Det har ikkje minst med det  få barn å gjera. At to homofile/lesbiske kan få barn, rokkar ikkje ved det fenomenet at det normale framleis er slik  at det må to ulike kjønn til for å få barn. Om det no er homofile og lesbiske par som har barn, er ikkje et det same som det er allment akseptert i samfunnet. For eigen del trur eg dei fleste reagerer negativt på fenomenet. Ekteskapet handlar om kjærleik var det ein av motskribentane som sa.  Ingen er vel usamd i det, men ein er usamd i at  homofile og lesbiske ynskjer å invadere ein heterofil institusjon og likestille det.

3) Når Mashja Dundic meiner at Arild Brock  representerer i beste fall ein marginal gruppe, er eg usamd. Problemet er dessverre at svært få vågar å hevde si røyst imot dei homofile og lesbiske. Det fører ikkje reint lite ubehag med seg. Då kan ein bli skulda for å vera mørkemann, ikkje leve med i tida, drive med diskriminering og undertrykking.  Til tider kan ein få inntrykk av at det er svært mange homofile, lesbiske. Ofte blir 10 prosent nemnt. Om eg skal tru dei undersøkingane eg har sett, så dreier det seg knapt om 1 prosent.  Dei homofile og lesbiske har vore svært flinke til å kjempa for si sak . Leiande personar set i viktige posisjonar i samfunnet. Den marginale gruppa  trur eg er svært stor, men dessverre er den redd for å ta til motmæle .

4) Det har skjedd store endringar dei seinare åra når det gjeld vilkåra for dei homofile. Eg trur dei fleste er glade for  den opne holdninga som rår på området og at lover er vorte endra. Det problematiske er likevel som Arild Brock nemner den retninga som staten har tatt.»Nå er det liberaliteten som er blitt den insisterende og dermed slår over i det autoritære» hevdar han. Det trur eg han har rett i.  Om staten går ærend for ei svært liten gruppe ,  bør me kanskje sei: Nok er nok.

  • email
  • Facebook
  • Twitter
  • Google Bookmarks
Dette innlegget ble publisert i Familie. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *