Norske menn er kua og ufrie

Av Trudi Henrydotter Eikrem, stipendiat ved avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

I debatten om likestilling og kjønn er kvinneperspektivet overrepresentert, og tematikken som oftast knytt til dei juridiske og formelle sidene ved likestilling, som vilkåre for kvinner i leiarstillingar eller i høgre utdanning. Dette er på mange vis hensiktsmessig og nødvendig, men eg saknar likevel ein diskusjon rundt bruken av omgrepet «likestilling». Dersom vi meiner alvor med likestillinga og dei demokratiske og etiske prinsippa som ligg i botnen, må vi vere vakne for dei utilsikta konsekvensane ein ukritisk bruk av omgrepet kan gi. Det er på tide å trekkje klare og tydelege skiljer mellom den norske offentlege likestillingspolitikken og korleis vi forvalter kjønnsrollene i våre private relasjonar.

Kvifor meir rosa og lyseblått enn nokon gong før?

Norske menn er kua og ufrie som fylgje av den breie forankringa likestillingsomgrepet har fått i norsk kultur. Ufrie og kua menn gjer det vanskeleg for begge kjønn å utvikle ein trygg kjønnsidentitet og gjer unge nordmenn til lette bytte for marknadskrefter som meir enn gjerne fyller det vakuum som oppstår når dei gamle kjønnsskillemarkørane er nedbygde. For kvifor er det slik at jente- og gutebabyar er meir rosa og lyseblå enn nokon gong? Kvifor er det slik at ungdom i tenåra har meir kunnskap om kosthald og kroppsformande trening, synleggjort ved at gutane er meir muskulært voluminøse og jentene meir formfulle og feilfrie enn nokon gong tidlegare? Og kvifor er det slik at vi ikkje kan forklare kvifor kvinner og menn i yrkeslivet vel meir tradisjonelt enn i noko anna land i Europa, vi som har jobba så hardt for likestilling?

Skilnad på likestilling og likeverd

Det er skilnad på likestilling og likeverd. Likestilling er ein nyare konstruksjon som har fått breie om seg i det norske sosialdemokratiske eksperimentet, på line med fleire nyskapingar, og opnar for mistydingar som har alvorlege implikasjonar både på gruppe- og individnivå. For meg, som også har forankring i portugisisk kultur, er norske menns manglande makt til å utforme eigen kjønnsidentitet påfallande og urovekkjande. I portugisisk kultur, slik eg har lært den å kjenne, vil kvinner og menn vakte sine posisjonar i høve kvarandre, og bruke ein sterk kjønnsidentitet til å stadfeste den andres rammer, og dermed også sine egne. Dette betyr ikkje, slik eg ein gong på tidleg 1980-tal vart fortalt her nord, at sør-europeiske kvinner er undertrykte. Tvert imot. I uformelle samanhengar posisjonerer portugisiske menn og kvinner seg via kulturelle omgangsformer, der forventningar knytt til kjønnsidentitet kjem til uttrykk. Det finst altså klare normer for korleis ein oppfører seg som kvinne og mann. Dette handlar ikkje om korte skjørt og store musklar, men om måtar å kommunisere og samhandle på. Det mest banale dømet på denne type kommunikasjon og samhandling er at han opnar døra for henne, trekkjer ut stolen ved bordet, ber handleposar og anna. Alt dette som vi i Noreg har avskrive som dumt fordi vi er frie kvinner.

Gjensidig lojalitet

Kanskje ligg det ei alvorleg mistyding i vår kultur her. For slik samhandling mellom kvinne og mann er eit kulturelt uttrykk for, og fortolking av, kjønnsidentitet. Portugisiske kvinner har intuitiv kunnskap om behovet mannen har for å utvikle mannsrolla, og gir han plass. Mannen veit sjølvsagt at ho kunne ha opna dører og bore posar sjølv, men lar henne likevel kjenne seg sett. Dette handlar ikkje, slik det blir antyda i vårt språk gjennom likestillingsomgrepet, om at det finst noko undertrykt og uforløyst i omgrepet likeverd eller i motsetninga mann – kvinne. I portugisisk kultur finst det nettopp eit respektert likeverd i botnen som gjer det mogleg for kjønna å utforme rollene sine i tråd med dei verdiane som er nedfelt i oss gjennom evolusjon og kulturell påverknad. Her er det også nedfelt eit prinsipp om gjensidig lojalitet. I familien vil mannen anerkjenne kvinna som oppdragar på hennar premissar, slik ho vel å utforme rolla si. Men det vil også vere forventa av henne at ho skal vere lojal til dei premissane han legg til grunn for å utforme si oppdragarrolle. I praksis betyr dette at det er ho som i utgangspunktet overfører familiens og samfunnets normer til barnet, medan han har ein meir tilbaktrekt profil. Dersom borna bryt normene, vil han trå opnare inn på arenaen og tydeleggjere grensene. Han har ikkje berre rett til å vere tydeleg, dette blir også forventa som ein del av det som blir forstått som maskuline kvalitetar.

Den norske mannens handlingsrom

Dette står i sterk kontrast til den norske mannens handlingsrom, fordi han må utforme rolla si i tråd med dei kulturelle forventningane som ligg i omgrepet likestilling. Dette omgrepet har gitt kvinner definisjonsmakt over menns handlingsrom, og dermed over mannens register for utvikling av kjønnsidentitet. Eit enkelt døme: For ein mangeårig lærar i grunnskulen er dette fenomenet lett å sjå, både blant kollegaer og foreldre. Kvinner oppdreg born pedagogisk og demokratisk. Ordrikt, gjennom tallause forklaringar, grunngjevingar og forhandlingar. Mange menn ynskjer seg ei anna tilnærming. Dei tek ei avgjerd, bestemmer og forventar at ungar kan forhalde seg til dette og innordne seg. For mange barn vil det også vere trygt og ukomplisert. Men så vil kvinnene ofte korrigere denne type samhandling og kritisere mannen for å vere upedagogisk og lite inkluderande. Dei brukar kritikk for å forme menn i sitt bilete, og hevdar feminine verdiar på bekostning av dei maskuline, nettopp fordi dei maskuline verdiane er underkommuniserte og uutalte som fylgje av ein svak mannleg kjønnsidentitet. Eg meiner ikkje at menn skal ha større handlingsrom enn kvinner, men at dei skal skape sitt eige, på eigne premissar. I det vil det truleg verte skapt ein komplementaritet som er funksjonell i mange samanhengar.

Feminisering av det norske samfunnet

Enn så lenge har vi gjennom likestillingsomgrepet fått ei feminisering av det norske samfunnet som har implikasjonar på mange nivå. Kvinner vil at menn skal vise sårbarheit, prate om kjensler, gråte ope, vere inkluderande og gruppeorienterte. Men for mange menn kan desse krava stele det romet dei kunne etablere sin kjønnsidentitet i. For enkelte er det naturleg å handtere situasjonar åleine ved å halde ut, tole, ta ei avgjerd utan å måtte forklare eller forsvare. Igjen kan skulen levere døme på frustrasjonar som kanskje er knytt til mangel på denne forståinga. Unge gutar droppar i stor grad ut av vidaregåande skule. Grunnane er nok mange, men mon om det finst ein samanheng mellom manglande plass til å få vere mann, i møtet med alle dei kvinnelege pedagogane?

Inn i våre private relasjonar

Når likestllingsideen blir tatt med inn i våre private relasjonar, har dette eit potensiale i seg til å strype mangfaldet. Den kan gjere menn til svake partar i familie- og oppdragarrelasjonar, der begge kjønn tidlegare anerkjente den komplementariteten som låg i samspelet mellom han og henne, altså i likeverdsprinsippet. I Portugal er ikkje kjønnsidentitet så sterkt og ensidig knytt til mors- eller farsrolla, fordi den blir tydeleggjort gjennom oppdraging. I Noreg vert kanskje mors- og farsrollene meir sårbare, men også desto meir nødvendige fordi dei klargjer for oss at vi likevel lever den ulikskapen som vi gjennom likestillingsomgrepet har ein idé om at ikkje eksisterer. Den mistydinga denne illusjonen er forankra i, har ulike ansikt. I si enklaste og kanskje mest perverterte form, kjem den til uttrykk i sosiale samanhengar der kvinner kan tillate seg å le av mannens inkompetanse når han skal løyse «hennar» oppgåver. I portugisisk kultur ville denne type åtferd verte sett på som svært illojal, og bli sanksjonert av begge kjønn, utan at det dermed skal vere å forstå som undertrykkjande. Fordi kjønnsperspektivet er ivaretatt og anerkjent i større grad enn hjå oss, og fordi ulikskapen ikkje berre er så innforstått, men også akseptert, vert temaet kvinne/mann sjeldan diskutert. Dermed blir den nære og utleverande samtalen om partnaren sett på illojal og ærekrenkjande. Slikt blir definert inn i den private sfære.

Grunnleggjande psykologiske behov

Slik er det også i Noreg, om det handlar om henne. Menn har tradisjonelt neppe drøfta sine koners svakheiter med andre menn. Men fordi kvinner gjennom likestillingskampen har tilkjempa seg definisjonsmakt og fordi den kollektive fortellinga, manifestert gjennom uttrykket likestilling, er med på å etablere henne som offer, kan ho tillate seg å drøfte hans inkompetansenivå utan å bli sanksjonert. Han må sone for dette gjennom å tole denne form for kritikk.  Kva blir konskvensane for unge gutar og jenter som veks opp med ideen om at vi skal vere identitiske, når dei kanskje har eit grunnleggjande psykologisk behov for å etablere og leve ein kjønnsidentitet? Kva konsekvensar får dette for deira mulegheit til å utvikle sin kjønnsidentitet? Kva skjer om kjønnsidentitetsprosjektet mislukkast, både for det enkelte individ og samfunnet? Eller er det slik at vi trur at det eigentleg ikkje er nokon annan skilnad mellom oss enn det kulturen til ei kvar tid fell ned og definerer for oss gjennom språket? Det er muleg nokon trur på denne utopien. Ulike politiske ideologiar har stadig avslørt manglande innsikter i psykologiske grunnstrukturar med alle dei konsekvensane det får for utvikling av menneskelege fellesskap. Så skal det muligens meir til enn femti år med nyskapande idear etablert og implementert gjennom nedfelling i språklege omgrep for å slette spor etter evolusjon og kulturell meisling i mennesket.

Kanskje er det på høg tid at vi trekkjer klare og tydelege skiljer mellom den norske offentlege likestillingspolitikken og forvaltninga av kjønnsroller i det norske samfunnet. Gjer vi ikkje det, risikerer vi at det norske likestillingsprosjektet også gjer seg til representant for eit kastrat av det norske samfunnet. Det ville vere høgst udemokratisk og uetisk.

Artikkelen er opprinnelig publisert i Klassekampen 9/10-12 og gjengis med forfatterens velvillige tillatelse.

  • email
  • Facebook
  • Twitter
  • Google Bookmarks
Dette innlegget ble publisert i Kjønnsrelasjoner, Menn og maskulinitet. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *